mandag 3. oktober 2011

Julebok

Måtte berra prøva å laga ei skikkeleg bok eg og, som eg ser alle andre har laga. Tykkje det er så mange som har laga så fine bøker, og etter at "brettebrettet" kom i hus så måtte eg gjera eit forsøk.
Dette vart ei julebok,som skal innehalda julegåva til ei vennina. Greit å koma i gang med juleførebuinga.... 



Dette vert eit bidrag til 2 utfordringar:
Sketchy Colors #87 der utfordringa går ut på å bruka raud, grå og grøn.
Kort og Godt der ein skal laga noko med tekst som hovudmotiv. Stempelet med teksten er frå Kort og Godt sitt sortiment.
 

torsdag 22. september 2011

Til bestefar



Ny utfordring hos Anonyme Scrappere. Denne gongen gjekk det ut på å laga eit gutte/herrekort.
Eg har pynta ei melkehjerteøskje til "bestefar" sin bursdag(min svigerfar).
Bestefar er ein skikkeleg friluftsmann, som gjerne deler denne interessa med barnebarn - difor dette valget av stempel på framsida. Men han køyrer og motorsykkel, noko Jonathan tykkjer er veldig tøft!! Måtte difor ha med motorsykkelcharmsen :)





søndag 4. september 2011

Eskekort til ein konfirmant

Hos Anonyme Scrappere er det denne gongen svært fri utfordring. Ein kan laga kva ein vil, så lenge det er laga berre til AS si utfordring.
Tenkte eg skulle prøva meg med eit bidrag.
Har laga eit konfirmasjonskort på bestilling. Inne i kortet er det ei lita gjennomsiktig "eske" der ein kan leggja peng eller gåve.
Utanpå har den rygg som ei bok, samt bilete av konfirmanten.

Har valgt å "skjula" ansiktet på konfirmanten, då eg ikkje kjenner ho.


søndag 14. august 2011

Sommervenner

Nokre gonger finn ungar tonen på eit blunk. Dette opplevde me denne sommaren.
Jonathan og Theo har ikkje sett kvarandre sidan dei låg i kvar si banrevogn. Når dei møttest att var det som om dei hadde leika saman kvar dag.



Dette blir mitt bidrag til utfordringa hos Scrappekammeret, der utfordringa denne gongen går ut på å finna inspirasjon i eit sommarbilete som ligg ute på sida deira.

Bursdagskort

Ei kollega av meg har bursdag fyrste dag tilbake på jobb, så da ville eg laga eit kort til ho. Fann ut at eg ville nytta sjansen til å delta på konkurransen inne på Kort o'mania, der utfordringa består i å laga noko med dikt, sitat eller ordtak på.
Slik blei kortet mitt.


Bleiekake

Det blei ei bleiekake i sommar, sjølv om det ikkje har vorte scrapping. Denne laga eg til kusina mi sin Babyshower.




Lucia 2010





Her har det vore laaaang scrappepause i sommar. Men no er i gang att, og storkosar meg med det!!

Inne hos Kreative Krumspring ligg ei utfordring med frist i kveld. Den lyd som følgjer: "jul i juli". Passa godt for meg, som framleis har mange julebilder liggande, som ikkje har blitt scrappa endå.
Veit ikkje om Lucia kjem inn under julebegrepet, men for meg er det ein del av juletida.
Eg har difor scrappa bilder frå årets Luciatog i barnehagen.
Ei veldig enkel side denne gongen, men bileta og teksten seier meg så mykje, så eg ville ikkje overdriva pyntinga.





Eg er såååå stolt! Sjå:

torsdag 28. april 2011

Til ei vennine.

Ei forsinka bursdagshelsing til ei vennine. Ei vennine av meg hadde bursdag 20. april. I den forbindelse har eg pynta ei øskje med melkehjerter.




Dette blir eit bidrag til
Sketchy Colors der utfordringa er å bruka fargane blå, kvit og beige.
Scrappekammeret med utfordringa "alt er tillatt"
og
Scrapperiket der utfordringa går ut på å laga embalasje.
post signature

søndag 24. april 2011

Gutekort i monokromatisk grønn

Hos Kreative Krumspring ligg det ute mange, gode scrappeutfordringar. Ei av utfordringane som ligg ute no er å scrappa monokromatisk i grønt.
Dette hadde eg lyst å prøva. Eg har difor laga eit kort til ein godgut som blir 3år i juli.
Slik blei kortet mitt.


Pynt tilpassa ein 3 åring :)

onsdag 20. april 2011

Guttekort

I kveld skal me i 30års lag. I den anledning har eg laga eit kort til jubilanten.
Slik blei det.