lørdag 27. februar 2010

Oldemor


Jonathan er så glad i oldemor, og det er neimen ikkje rart.
Oldemor har alltid tid til leik og kos.
Denne LO'en har eg laga til STM- sin OL bonus. Der var oppgåva at ein skulle bruka lyseblått, lime og gull, sølv eller bronse.

fredag 26. februar 2010

Vinterveden


Bidrag til Skissedilla si skisse48.
Ein flott haustdag i Furnes, og Jonathan og pappa får på plass vinterveden.

To gode venner

To gode venner!
Er så glad i dette bildet, så no måtte eg scrappa det.
Brukte det i utfordringa hos Scrapping the music- på norsk, februarsangen. Sangen ein skal scrappa etter i februar er OL-floka.
Har blitt så inspirert av Scrapping the music - på norsk sine sider.
Hadde ikkje brukt sangtekstar på denne måten i scrappinga før, men tykkjer det er kjempe moro.
Den sida er absolutt vert eit besøk.
Nok eit bidrag til utfordringblogg. Denne gongen til Kort O' Mania.
Utfordringa bestod i å bruka fargar, knall fargar.
Litt uvant for meg å bruka så mykje fargar i eit og same prosjekt, men eg måtte prøva...

I full fart

Liten gut i full fart :)
Jonathan trivst best når det skjer mykje..
Dette er eit bidrag til Scrapping the music - på norsk sin februarbonus. Der var utfordringa at ein skulle benytta stoff eller tøy i scrappinga. Eg har brukt ein fot frå ei dongeribukse som bakgrunn for bildet.

Sliten gut.

Bidrag til Veckans skiss. Denne er laga ut frå ei skisse på sidene der.
Hærleg side, med mange flotte skisser til inspirasjon!

Eskekort

Første bidraget mitt til Scrapping the music - på norsk. Temaet var enkelt og greit; blått.
Eg laga eit eskekort, med plass til helsing og evt. gåve i skuffen.