tirsdag 16. mars 2010

Randi's lille blogg

Vil berre tipsa om ein fantastisk blogg eg føl - Randi's lille blogg.
Her er utruleg mykje flott å lata seg inspirera av.
Samtidig legg ho ut tutorialar på det ho lagar. Dei er så forseggjorde, og så lette å følgja!!
Det var på her eg fann eske-tutorial, som eg bruka til eska til Vår-temaet hos Norsalten- hobbyklubb. Her fann eg og tutorial på skjult flipp, som eg brukte på same eska.

Utruleg flott og inspirerande side!
Anbefalar alle å sjå innom denne bloggen.

fredag 12. mars 2010

Vår

              

Utfordringa hos Nordsalten Hobbyklubb var denne gongen temaet VÅR. Utover det stod ein fritt.
Eg valgte å laga eit eskekort i vårfargar.


mandag 1. mars 2010

Rock and roll tonight

Eit bidrag til That's just so cute sin utfordring som lyd som følgjer; "pynt ditt prosjekt med metallpynt".
Metallpynten her er pappa sitt smykke - det måtte han ofre til desse bilda av gutta ;)
Øyvind og meg skulle på konsert med "Saint Attitude", og gutta ville veta korleis musikk dei spela.
Saint Attitude spelar mykje av The Carburetors, så me slo på cd'en. Musikken fenga, og gutta digga :)
Derav titelen på LO'en - då det var den "tøffaste" sangen :)

Skisse # 49 hos Skissedilla

Har verkeleg scrappedilla om dagen, og kastar meg over alle nye skisser.
Då slappar eg av og kosar meg.
Skissa til denne LO'en fann eg hos Skissedilla, Skisse # 49. Likte så godt denne skissa, at den måtte eg prøva med ein gong.
Mine LO'ar har ein tendens til å bli veldig enkle og reine, men slik er det.. Slik eg likar best å scrappa.