søndag 9. mai 2010

Birthday somethings


Utfordringa hos Stamp Something var denne gongen at ein skulle laga noko som hadde med bursdag å gjera.
April og Mai er travle bursdagsmånader, så eg har eigentleg hatt nok å laga ei stund.
Ei god vennine av meg hadde bursdag i april, men skulle feira no i Mai.
Eg har laga ei eske til gava hennar. Det vil seia at gava ligg inni eskekortet.







 

søndag 2. mai 2010

Scrappetid igjen :)

I det siste har eg nesten ikkje scrappa. Scrappeutstyret har fått stått i fred på kontoret.
Men etter å ha vore innom mange flotte bloggar har eg fått att inspirasjon.
Har funn att nokre bilder som skulle vore limte i albumet for lenge sidan, men som har vorte liggande...men no er det gjort.

Dette bildet tok me i hagen "vår" i Leirdalen i fjor sommar.
Jonathan og Tam nyt sommaren.
Tykkjer dette er eit hærleg bilde av barn og dyr som kosar seg saman.


Her er eit bilde av Jonathan som eg tok på eit barseltreff i fjor haust. Kjempemoro å prøva firhjuling. Slike bilder er så morosame å ha. Og eg vil tru at til eldre han blir, til kjekkare blir det å sjå tilbake på slike bilder.Det var så vidt han klarde koma seg oppå firhjulingen, men knappen som styrte gassen fann han ;)

Den siste LO'en i dag, er eit bilde av Jonathan og pappaen hans.
Dei kosar seg og les i bok.
Det er alltid så stas å snakka om kva me ser i bøkene.


Alle LO'ane mine er veldig enkle. Eg er ikkje så veldig flink til å pynta så mykje.. Så er eg og mest glad i sidene når dei er enkle.
Her har eg brukt to forskjellige farga ark, utklypte bokstavar, knappar og eit farga kaffefilter....