søndag 13. juni 2010

Har blitt litt scrapping denne helga, etter pausen ...

Dette er eit bilde av Jonathan og Brede som kosar seg ute. Dei er to kreative gutar, og arbeidar hardt.
Hadde eigentleg tenkt at dette skulle vera eit bidrag til "Sketchy Colors", som hadde utfordra oss til å bruka lilla, grøn og kvit.. Men oppdaga at fristen var ute... Ja,ha - eg har no fått scrappa bildet :)

Når eg var ferdig byrja eg på eit kort. Det skal vera til pappa på bursdagen hans i juli(reknar med han ikkje er innom her...) Dette blir eit bidrag til "Sketchy Colors" si nyaste utfordring, som denne gongen var å scrappa etter denne flotte skissa

Resultatet mitt blei slik;



Skøyergut'n te mamma :)


Her har det vore pause ei stund..
Har scrappa litt, men har ikkje lagt ut noko - våren er ei hektisk tid.

Denne LO'en er eit bidrag til Skissedilla, skisse #63.
Har funne fram att eit gamalt bilde av Jonathan, som eg berre ikkje har fått scrappa. Men vart fornøgd no.

Ellers har Wenche bursdag i dag :) Så må få ta med at eg håpar ho får ein strålande dag, med masse flotte gaver, og gode kaker.
Gratulera med dagen, Wenche.

tirsdag 8. juni 2010

Brun og kvit


Eit bidrag til That's just so cute si utfordring, som bestod i å bruka brunt og kvitt i det me laga.
Var kanskje ikkje så lett å sjå fargane skikkeleg på bileta her, men det er brunt og kvitt alt som er brukt, utanom det vetle hjerta som er i "bronse".

Dette eskekortet fylte eg opp med twist og gav til ei vennine på jobb - som verkeleg hadde fortent ei lita oppmuntring.