søndag 26. september 2010

Ein ny start!

Kreative Krumspring har sin fyrste utfordring. Den går ut på at du skal scrappa noko som har med "ein ny start" å gjera.Ei venning av meg har akkurat fått sitt fyrste barn - ein god gut. Eg har difor laga ei gåve-eske til dei :)

Inni lokket :
 Botnen av eska. Har brukt tekststempel, med teksten til "Den fyrste song". Tykkjer den er så fin.



lørdag 11. september 2010

Bursdagskort til Bestefar (svigerfar)

Dette kortet er laga til utfordringa hos Kort og Godt. Utfordringa der bestod i å laga eit " Herrekort". Det skulle innhalda metallpynt, bånd og minst eit produkt frå "Kort og Godt".
Eg valgde å laga eit kort til Bestefar (min svigerfar) sin bursdag.
Stempelet med "Det er din dag i dag - Gratulerer" er frå Kort og Godt.

Eg ser at mykje av det eg lagar om dagen, både det som er lagt ut her og ellers, er prega av hauststemning og fargar, og av jakt... Tru om  det kan ha med været ute å gjere? Og om det kan ha med det å gjera at eg kvar 10.september og ei tid framover, er jaktenka?? Mann min er ihuga fuglejeger.
Men eg unnar han flotte dagar ute i naturen no - skulle berre ynskje han hadde litt bedre ver.
No er fuglejakta i gang iallefall :)

Legg ved eit "close up" av forsida, for å få med detaljane.

Telyskort

Denne gongen var Sukkersøtt si utfordring å lata seg inspirera av dette biletet:

For meg var dette eit bilete HAUST!
Skikkeleg hauststemning fekk eg.
For meg er haust levande lys og haustfargar, og difor vart det det eg måtte ha med når eg skulle scrappa utfrå dette.







 Tutorialen til dette kortet har eg funne hos Lena Katrine Øien. Hennar side er absolutt verdt eit besøk - ho lagar mykje flott!
Nok ein gong har eg benytta meg av teksstempla frå Norsk Stempelblad, og oransje roser, sidan det er haust.
Inni kortet har eg gjort plass til å skriva ei personleg helsing.








Nok ein Picnic-box

Denne er laga til ein 30-års dag, og blir mitt bidrag til Scrappekammeret sin utfordring # 14. Den seier "anything goes", så da kan ein jo prøva seg.


Vart med ein tag denne gongen, med eit stempel frå Norsk Stempelblad, som eg har blitt så glad i .

torsdag 9. september 2010

75 årsdag

Nok eit kort.
Denne gongen eit bestillingskort til ein 75årsdag.

Omtanke

Her kjem eit bidrag til Sukkersøtt si siste utfordring. Denne gongen går utfordringa ut på at ein skal laga Monokrone kort eller prosjekt.
Dei har fått inn så utruleg mange flotte bidrag, men eg sender no inn mitt og likevel.

Kortet mitt har blå som farge. Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men "steinane" som er brukt til å pynta med på høgre side er og blå. Dvs eg har limt på blå steinar inne i pynten.





Denne gongen har eg laga ein "tag", med eit stempeltrykk på.
Inne i sjølve kortet er det plass til å skriva ei helsing.

Eg likte så godt det blå mønsterarket. Eigentleg er det baksida på eit julemønsterark som eg fann på salg..


fredag 3. september 2010

Picnic-Box

Lenge sidan sist eg har lagt ut noko no.
Tok heilt ferie i sommar, og har nesten ikkje laga noko. Etter at kvardagen kom i gang att har det blitt nokre kort.
Ellers har eg blitt så inspirert av Picninc-Box tutorialen som eg fann på sida til Randi Thorsen. Sida hennar er heilt fantastisk, ho lagar så utruleg mykje fint!! I tillegg er ho alltid flink til å leggja ut "tutorials", slik at alle kan prøva seg. Dette er ei sida eg vil anbefala alle å kika innom med jamne mellomrom!!

Dette er mitt fyrste forsøk på å laga slik "Picnic-Box". Moro å prøva noko nytt :)




Bileta vart litt mørke, men men...

onsdag 1. september 2010

Kreative-Krumspring



4 jenter fra Hamar har starta ein ny utfordringsblogg. Her vil vera 2 utfordringar kvar månad, samt at dei plukkar ut sine favorittar. Med andre ord- her burde ein kunna finna masse god inspirasjon framover.
Oppfordrar alle til å kika innom denne sida :)