søndag 28. november 2010

Verdens beste Gut

Eit gamalt bilde eg ikkje har fått scrappa før, så no var det på tide.
Jonathan er ein skikkeleg god gut, men mange rare påfunn.
Her har han funne six-pence'n til pappa, og underheld mamma'n :)
Skøyer smil.

lørdag 27. november 2010

Nok eit telyskort


Har blitt så glad i desse telyskorta. Inspirasjon til det første fann eg i "Ett Trykk". Her hadde Lena Katrine
laga ein tutorial me kunne fylgja. Sida hennar er proppfull av gode idear og inspirasjon - abolutt verdt eit besøk!!
Det har blitt ein del slike kort etter eg fann denne oppskrifta. 
Denne gongen eit kort til "Oldemor" (Jonathan si) som har bursdag i dag :)
Gratulera med dagen Bethsy!!

torsdag 25. november 2010

Kreative Krumspring

Krative Krumspring feirar 5000 besøkande sidan dei starta i september. Det vert feira med ei julegåva til dei som besøker sida!! Gå inn på sida der for meir informasjon.
Der finn du og flott inspirasjon, og konkurransar. Absolutt verdt eit besøk!

søndag 21. november 2010

Gullstund!

Nok eit hærleg bilde, som eg er så takknemleg for å få scrappe!!
Blikk seier meir enn tusen ord.
Her er Ingrid på fanget til mormor.
Har og her valgt å bruka lite pynt, vil absolutt ikkje ta fokus vekk frå bildet. Har difor valgt duse fargar.

Ventetid

Kjersti medan ho venta på Ingrid.
Like flott som alltid!!
Eit bidrag til Scrappekammeret, til utfordringa deira kalla "Ventetid".

Til ei jente.

Eg er så heldig at eg har fått levert nokre bilder, og utstyr til scrapping fra ei vennine. Så no har eg så vidt kome i gang med scrapping av prinsessa Ingrid sine bilder.
Dette bildet er så hærleg av Ingrid og mammaen hennar, Kjersti.
Eg har derfor valgt å bruka lite pynt, for eg tykkjer bildet er så flott i seg sjølv!
Dette er og eit bidrag til That's just so cute si utfordring, som bestod i å laga noko til ei jente. Eg lagar album til Ingrid :)

Legg til eit bilde av det vetle eg brukt av  pynt. Følte at denne ikkje kom fram på det store biletet..