tirsdag 21. desember 2010

Gaveposer

No har det vore stilt her ei stund.
Har drive med eksamenslesing og eksamenstid, og har prøvd å prioritera det.... Men no er det gjort for denne gong :)

I dag er det siste dag på jobb før juleferien, så i gårkveld blei det "masseproduksjon" av gaveposar. Må jo ha ei lita julehelsing til nokre kollegaer.
Har gjort det enkelt, med lite pynt på kvar enkelt. Men tenkte det kunne vera koseleg, i stadenfor den vanlege twistposen. Alle er fylt opp med diverse julegodt, mens den eine skal det settast ei vinflaske i.

Sender inn dette som bidrag til Nordsalten Hobbyklubb, som denne gong har utfordring om å pynta ein gavepose.



Det vart 9 gaveposar og ein pose til vinflaske denne gongen.

søndag 5. desember 2010

Julekort i Creme og Brun

Tok meg ein bloggrunde i kveld, og så at det var ny utfording hos Sketchy Colors. Fargeutfordring der ein skal bruka creme og brun. Scrappekammeret har samstundes ute ei utfordring som går ut på å laga julekort.
Eg fann difor ut at eg ville prøva med ein gong, og eg ville kombinera dei to utfordringane. Det er så lenge sidane eg har brukt desse fargane, og eg har alder brukt dei i julekortsamanhegn før. Så det var kjekt å prøva!
Slik blei resultatet;


Inni kortet. Veldig enkelt, med ønske om God Julg og med plass til å skriva ei helsing.


Baksida. Litt vanskeleg å få eit godt bilete av stempelet, men gjorde eit forsøk.