mandag 31. januar 2011

Skisseutfodring

Inne hos Skissedilla ligg det ei fantastisk skisse. Sjølv om det ikkje er så ofte eg scrappar LO'ar etter skisse, så måtte eg berre prøve denne. Den er laga av Hege i Skissedilla sitt designteam.
Skissa såg slik ut
Flott eller kva?

Eg har funne fram att nokre gamle bilder av Jonathan som eg framleis ikkje har fått scrappa. Og desse bilda måtte berre inn i denne skissa.
Slik blei mitt bidrag:




søndag 30. januar 2011

Kort

Dette er mitt fyrste kort der eg har forsøkt meg på Vintagestilen. Kjempe moro å prøva, og det gav absolutt meirsmak.



Dette sender eg inn som bidrag til
Sketchy Colors ; Blått, brunt og hvitt
Picture and Scrap der ein skal bruka eit gitt bilete
Anonyme Scrappere : Vintage med blomster og blonder

CANDY!


Oppdaga no at det snart er eit år sidan eg la ut fyrste innlegget på bloggen min. Den 26.februar la eg ut mitt fyrste innlegg.
Dette har eg lyst til å feira med ein Candy.
Grunnen til det er at dette er ein hobby som gjev meg så mykje. Eg storkosar meg når eg sit og puslar med bilete og stæsj. Det er min terapi, mi avslapping, og mi utkobling frå kvardagen.
Så eg feirar vel eigentleg mest 1 år med ein fantastisk hobby.

Og så finn eg så mykje inspirasjon frå andre sine bloggar - og kosar meg når eg har tid til ein skikkeleg bloggrunde.

Her er litt av det du kan få om du vil:





Kva du må gjera?
Legg candyen min til i sidebaren din med bilete og link til sida mi, og legg at ein kommentar her slik at eg veit at du vil vera med i trekninga.
Fristen er 26.februar 2011 klokka 20.00.

Blomster og tape

Inne hos Kreative Krumspring har dei hatt ein utfordring gåande - der ein skal bruka blomster og tape på prosjektet sitt.
Eg er ikkje vant til å jobba på den måten, men måtte gjera eit forsøk. Vanlegvis vel eg ut bilete (lo) eller hovedfarge fyrst. Deretter finn eg ark og tilbehør som passar.
Eg hadde begrensa utval med tape, så dermed var tapen litt avgjerande for heile prosjektet denne gongen.
Men så moro å prøva nye måtar å scrappa på.
Slik blei vertfall resultatet.







Har de forresten sett den siste utfordringa dei har lagt ut?
Denne gongen skal ein lata seg inspirera av sangen "Barn av regnbuen" av Lillebjørn Nilsen.
For ei hærleg oppgåve!!

lørdag 29. januar 2011

Scrappedag

I dag har eg hatt ein skikkeleg scrappedag. Har berre kosa meg og gjort som det har passa meg..
Burde nok vore ute i det fine været, og burde nok så mangt, men bestemte meg for ein "burde-fri-dag", og har gjort deretter.

Jonathan er ein pratsom gut, og har alltid vore det. Så det var koseleg å finna fram att desse bileta frå fyrste sommaren hans, og sjå at noko framleis er ved det same...Sjølv om han plutseleg har vorte så stor no. Med eit forstår eg så godt begrepet "tida flyg"..

Hausten 2010

Inne hos Scrapperiket pågår det no ei utfodring, der ein skal lata seg inspirera av årstider.
Då kom eg på disse bilda, som eg har planlagt så lenge å få scrappa.
Er så glad i desse bilda, for for meg er dette skikkeleg haust. Blide gutar ute i skogen, bål.. Hærleg..

Denne LO'en vart heilt anleis enn eg hadde tenkt.. Fargevalet er veldig ulikt meg, med brunt, oransje og blått saman. Men det var liksom slik eg måtte gjera det denne gongen...
Oransje og brunt er haustfargane for meg, men eg blei og så påverka av den blåen himmelen.

Ein hærleg dag var det iallefall.

torsdag 27. januar 2011

Gledessprederaward

For mange av oss er det ein hektisk kvardag.
Eg ynskjer difor å starta ein "Gledesaward". Rett og slett ein award me kan gje til kvarandre, for å visa at me set pris på kvarandre :)
Håpar andre vil vera med på å få denne til å sirkulera - eg tykkjer dette kan vera ein fin måte å seia "takk" på.

Målet mitt er at den som får awarden sender den vidare til minst 3 personar som gledar ein i kvardagen, samt at ein skriv kvifor :)

Ettersom eg starta denne awarden startar eg med å sende den rundt.
Eg vil gje den til
Wenche fordi ho er ein fantastisk kollega, som alltid hugsar på ein og ser ein i kvardagen!!!
Guro fordi ho alltid er så flink til å leggja att små koselege kommentarar i andre sine bloggar!!
Det er skikkeleg kvardagsglede for mottakaren!!
Lena fordi eg finn så mykje glede av å sjå i bloggen hennar. Her er så mykje flott inspirasjon!
Lena Katrine fordi ho har slik ein flott blogg!Men ikkje minst fordi ho deler flotte tutorials med oss andre.
Det er så kjekt å få lov til å sjå tutorials og å kunna prøva seg sjølv. Set så pris på når du deler :)
Slik skaper du glede for så mange andre scrappe entusiastar!
Gro på grunn av hennar fantastiske blogg. Denne bloggen vert ein i godt humør av!!! Heilt fantastisk. Dessutan legg ut ut link til alt ho lagar som det finst mal til. Noko som gjev stor inspirasjon og skaperglede.

Eg blei skikkeleg glad av å få gi vekk desse "Gledessprederawardane".
Håpar det kan gleda dei eg har gitt dei til og:) For dei er så gode til å gleda oss.
Og så håpar eg dei vert sende vidare, til alle andre gledesspredarar der ute.

onsdag 26. januar 2011

Eit bokkort til.

Likar så godt desse korta, at eg måtte laga to når eg fyrst var i gang..

Dette er bidrag til Sketchy Colors si utfordring, der ein skal laga noko utfrå denne flotte skissa:
Ein må jo berre bli inspirert av slike skisser!

Det er og eit bidrag til Picture and Scrap. Picture and Scrap er ein ny blogg for meg. Her vert det lagt ut bilder ein skal bruka i prosjekta sine.
Fyrst ut var dette nydelege bildet som eg har brukt på boka mi.

Slik vart bidraget mitt.




Nok ein gong var bileta mine litt mørke. Brunfargen i bazilarka eg har brukt er ikkje fult så mørk som det kan verka på bileta, men men..
Kortet skal iallefall fyllast med sjokolade før eg leverer det frå meg :)

Eit lite bok-kort

Har sett at så mange av dykk lagar så flotte bokkort i forskjellige variantar. Detta fekk eg lyst å prøva og.
Slik blei mitt resultat.


onsdag 19. januar 2011

Hvitt og blått

I dag har eg laga eit kort/ ei øskja, fylt med melkehjerter. Eit kort til ei som fortjenar ei lita helsing i kvardagen.
Her er forsida av kortet/øskja.

 Innsida av kortet/øskja. Ved sidan av tekststempelet har eg plass til å skriva ei lita helsing.

Mønsterarket eg har bruka hugsar eg ikkje kvar det kjem frå. All "sølvpynt" kjem frå Kort og Godt. Det same gjer den store blå rosa på framsida - eg tykkjer den er så fin.

Dette er eit bidrag til
Sukkersøtt #108 Hvitt/creme og blått
Kort og Godt sin januarutfordring; hvitt og lyseblått




mandag 17. januar 2011

Kjære Mamma

Tok meg ein runde i "bloggverden", og havna på Katrines Verden. Her var det så utruleg mykje flott!!!! Anbefalar alle å sjå innom denne bloggen. Ho hadde blandt anna laga ei øskja som eg likte så godt - så denne måtte eg prøva å laga.
Øskja skal selvfølgeleg innehalda gava til mamma på morsdagen.
På undersida av boksen har eg limt på det same som loket, men med ei personleg helsing.








Bilda blei litt mørke. Brunfargen er eigentleg ikkje så mørk som det kan verka på bilda. Men eg slit med å få ta gode bilder i "riktige" fargar når det no er så mørkt ute.


Dette blir bidrag til
Nordsalten Hobbyklubb : "Lag eit morsdagskort med bretteteknikk"
Stamp Something : "Anything Goes" - the text on the inside of the box has been done by stamp
Gingerloft : "Celebrations" - Mothersday

lørdag 15. januar 2011

Lo'ar

Me har endeleg fått ny skrivar i hus, så no er eg fornøgd!!!
Dette førte sjølvsagt til ei skikkeleg scrappestund for meg. Har fått laga nokre LO'ar, og kosar meg stort.

Den fyrste Lo'en er eit bidrag til Kreative Krumspring si utfordring, der ein skal Lifta DT medlemmane sine bidrag. Har aldri prøvd meg på det, men då eg såg på Wenche sin LO likte eg så godt oppsettet ho hadde valgt. Så dermed måtte eg prøva.
Slik blei resultatet mitt.

Wenche sin blogg er uansett verdt eit besøk. Her er mykje flott inspirasjon!! Ho har ein fantastisk bruk av fargar på Lo'ane sine som ein berre kan misunna ho.

Men det vart nokre Lo'ar til når eg var i gang... Den fyrste er bilder frå då Jonathan og eg var på besøk hos Lars og mammaen hans før jul.
Jonathan syns det var så moro å få Lars til å smila.


Rampenissen til mamma


 
Bilder frå ein hærleg hausttur frå Høsbjør, med godt selskap.

fredag 14. januar 2011

Året som gikk - 2010

Tok meg ein runde i "bloggverden" her om dagen, og blei fanga av Scrappehuset si utfordring;

"Året som gikk!

Dette er en ganske så fri oppgave, og du velger selv hvordan du griper an oppgaven? Om man vil scrappe om livsstilsendringer, oppussing, barnas utvikling, året: måned for måned, etc. er helt opp til dere!"

Blei med ein gong fanga av denne utfordringa, så denne måtte eg delta på.
2010 har vore eit begivenhetsrikt år. Det har skjedd mykje flott og spennande, men det som kanskje har prega meg mest er tapet av Besta På Moen.
Men ho vil alltid vera med oss i tankane.
Bidraget mitt er difor ein takk til Besta - for alt ho gav oss av seg sjølv!

tirsdag 11. januar 2011

Til ei vennine

Kvardagen er hektisk for nokon og ein kvar. Ofte føler ein at tida ikkje strekk til, eller at ein må prioritera anleis enn ein eigentleg ynskjer. Slik er berre kvardagen.
Så difor fann eg ut at eg ville gjera noko for å gleda nokon andre i dag - utan nokon spesiell grunn. Ei lita overrasking i kvardagen kan vera flott for dei fleste.
Eg bestemte meg for å laga ei gaveøskje, som eg i same slenge ville senda inn til Kort O Mania si utfordring. Her er kravet at ein skal bruka charms eller metall.
Slik vart øskja:

Heilt enkel.
Gave posen har eg fylt med scrappestasj, ettersom mottakaren og driv med scrapping. Håpar dette kan vera ei koseleg kvardagshelsing :)

mandag 10. januar 2011

Endå eit telyskort :)

Eg har blitt så glad i desse telyskorta. Dei kan brukast til kva anledning som helst, og er "litt meir enn berre eit kort". Om du skulle vera interessert i å prøva finn du mal til korta på sida til Lena Katrine.


Denne gongen har eg laga eit kort til ei vennine - fordi ho er ei vennine :)

Eit bidrag til Anonyme Scrappere

Har prøvd meg på eit "veskekort" denne gangen. Har teke utgangspunkt i ein gavepose som eg har klypt og dekorert, med plass til gave oppi.

Dette blir mitt bidrag til Anonyme Scrappere  der utfordringa enkelt og greit lys som følgjer:
"Bursdag"