søndag 27. februar 2011

Candy Vinner

Fyrst av alt vil eg takka alle som ville vera med på Bursdags candyen min! Eg blei så overraska over at så mange ville delta! Kjempe koseleg.
Og eg er så stolt og takknemleg for at så mange av dykk også har lagt dykk til som følgjarar. Tusen, tusen hjarteleg takk!
For å trekka ut ein vinnar gjekk eg inn på http://www.random.org/. Og vinnaren blei


First of all; Thank you all so much for being a part of my candy. I was so surprised that you all wanted to be a part of this. And I am also so proud and thankful that so many of you also decided to become followers of my blog! Thank you so much!!
To draw a winner I used http://www.random.org/, and the winner is:








Gratulera så mykje! Håpar dette er noko du kan ha nytte og glede av! Fint om du kan senda meg ein mail med adressa di (til reidun_l_e@hotmail.com), så skal eg senda avgårde candyen til deg.
Vil med det same anbefala alle ein tur innom sida hennar. Her er det utruleg mykje flott, og eg kjem til å finna mykje inspirasjon frå denne sida framover!
                                                             

torsdag 24. februar 2011

Kort i lilla med tag.

Har laga eit bestillingskort til ein 70årsdag.
Dette vert bidrag til Scrappekammeret # 25 der utfordringa lyd som følgjer:

Kammerpikenes begrensning: du er nødt til å ha med en tag!

Slik blei mitt kort og mitt bidrag.




fredag 18. februar 2011

Karnevallstid

No har det vore karnevall i barnehagen, og det var populært. Jonathan gleda seg fleire dagar i forkant til han skulle vera løva! Og han var stor fornøgd med dagen.


Teksten er inspirert av ein Olav Stedje sang, den måtte berra vera med på denne LO'en.

Dette er eit nytt forsøk med eit bidrag til Kreative Krumspring KK12, som er ei 1-2-3 utfordring;
1 metallpynt
2 bånd
3 mønsterark.
Det forrige bidraget mitt har eg sletta derfrå, ettersom eg hadde misforstee oppgåva litt. Men eg prøver igjen :)

Alle mønsterarka er restepapir frå diverse prosjekt, alle frå Panduro.




Vintage with a hint of pink

Eit bursdagskort til ei vennine, og eit bidrag til Nordsalten Hobbyklubb sin 24 utfordring.





                                                                       

tirsdag 15. februar 2011

Ekte Lykke


Denne Lo'en måtte berre få navnet "Ekte Lykke".
Bileta tok eg i sommar, heime i Leirdalen.
Det var tidleg på morgonen, og Jonathan og eg var ute på ein av våre mange morgonturar langs stiar og ned til vatnet. Desse turane var fulle av fred og lykke. Den store gleda var å nyta naturen, og å kasta stein i vatnet. Og slik kunne me sittja lenge, og berre nyta sommar morgonen, heilt åleine, og i fred og ro.



Dette var teinkt som eit bidrag til Kreative Krumspring sin 1-2-3 utfordring.
Her er krava at du skal bruka
1metallpynt (eg har brukt fleire, og veit ikkje då om det gjeld...)
2 bånd ( om det tel at eg har brukt 2 like?)
3 mønsterpapir. ( eg har brukt rispapir i blå/turkis og 2 forskjellige blåfargar på bazilark "underst")

Men eg har ikkje burkt 3 mønsterpapir. Tenkte ikkje på det at Bazilark sjølvsagt ikkje tel på den måten.
Men for ein fantastisk utfordring!
Anbefalar alle å fylgja med på sidene deira, for her er mykje flott inspirasjon, og mange flotte utfordringar.


Eg har og ein candy på gang om du skulle vera interessert :) Øverst til venstre på sida mi ligg link, så finn du meir informasjon om den om du vil.

søndag 6. februar 2011

Bursdagskort

Anne Grethe er kusina mi og barndomsvennina, og har snart bursdag. Den fyrste etter det magiske 30talet..
Så i kveld har eg laga kort til ho.
Dette blir bidrag til
Craft Us Crazy - Anything Goes
Scrappekammeret - Bursdag
Sukkersøtt - Grønn og rosa

Litt uvant å arbeida med desse fargane, men dei passa til eit somarleg bilete.




Inni kortet er dei ei øskja som skal romma bursdagsgåva.


Barn av Regnbuen

Inne hos Kreative Krumspring er det sangutfordring på gang. Å - kor kjekt det er!!!
Denne gongen skulle ein lata seg inspirera av teksten til Lillebjørn Nilsen : Barn av Regnbuen.

Biletet eg har scrappa med denne gongen har eg scrappa før- men eg blei ikkje fornøgd. Men når eg såg denne oppgåva fall det på plass med ein gong! Eg er så glad i dette biletet, men har liksom aldri fått det ferdig.Men her var teksten som høyrde til, det som hadde mangla forrige gong eg prøvde scrappa biletet. Så no vart det rett for meg :)

Slik vart resultatet mitt



Minner og om Candyen eg har gåande, om du skulle vera interessert. Om du trykkjer på biletet øverst på venstre sida i sidebaren min, så får du informasjon om den :)

Wow - eg er kjempe stolt. Blei kåra til ein av favorittane inne hos Kreative Krumspring med denne LO'en.
Snakk om fantastisk hærleg overraskelse.





lørdag 5. februar 2011

Valentinekort med hjerte

Nordsalten Hobbyklubb har ein utfordring gåande, der ein skal laga valentine kort. Det skal innehalda hjerte av eit slag.
Denne utfordringa måtte eg prøva meg på. Eg hadde mange tankar før eg byrja, og fann fram masse blomster og anna pyntestasj eg skulle bruka.
Men eg har vel knapt laga "enklare" kort. Det vart rett og slett utan dilldall og stasj. Etter mange forsøk med både blomster og metallpynt pakka eg vekk alt. Eg tykte rett og slett dette kortet vart best når det var "reint".
Slik blei iallefall resultatet.
Bildet har eg henta ut frå nettet. Syns det er så søtt.


Eg har stansa ut hejrter i det svarte arket (bazil) slik at det kvite frå arket under kjem fram.


fredag 4. februar 2011

Øskjekort i rosa, kvit og brun

Eit bidrag til That's just so cute  si siste utfordring som går ut på å laga noko i brun, kvit og brun.
Eg har laga eit øskjekort med fire øskjer.
Framsida forandra seg litt etter dette bilete vart teke..

 ..... så framsida er eigentleg slik.
Er så glad i desse blomstrane, men etter å ha laga framsida fyrste gongen tykte eg det var noko som mangla.
Derfor vart det litt meir blomster på den endelege framsida.

Close up av blomsten. Tre blomstrar som er satt oppå kvarandre.


Inni kortet (inni framsida)



Valentine

Eit Valentines Kort, som bidrag til
Cards for Men No3. Valentine/Love

"Happiness is to Love, and to be Loved!"

"Faith, Hope and Love!"

onsdag 2. februar 2011

Gut/mann

Scrapperiket sin siste utfordring går ut på å laga eit papirprosjekt til gut eller mann. Eg har gjort eit forsøk, og laga eit bidrag til denne utfordringa.
Har gjort kortet ganske enkelt, med lite pynt. Har brukt bil som tema, og har me dein gitar. Har brukt littegrann blomsterpynt, men og desse har eg pynta med metallpynt - for å gjera det litt grøvre.
Heile kortet er i brune fargar av ulike slag, med innslag av svart i bilane på mønsterarket.

Eit lite prosjekt.

Fekk så lyst å laga noko litt anna enn det eg pleier. Har blitt mykje telyskort i ein periode...
Denne gongen har eg laga ei øskje med "bakvegg". "Staffeliøskjekort"??
Kortet er i størrelse 14cmX13cm.

Både kortet og øskja kan åpnast. Kortet er festa med magnet, for at det skal ligga inntil "bakveggen". Inni kortet er det plass til å skriva ei helsing.
Øskja har eg tenkt å bruka som gaveetui til brusdagsgåva til ei vennina.

Close up av pynten oppå øskja.



 Dette vert eit bidrag til
Sukkersøtt # 110 Pynt en eske eller gavepose
Kort O'Mania # 33 "ikke str 15X15"
Kort og Godt # monokromatiske farger ( tekstempelet er fra Kort og Godt)
The shoes fits - scrap it # 64 Anythin goes..but a card

WOW - eg blei plukka ut som Topp 3 hos The Shoes Fit med dette kortet.
Eg er så stolt - så utruleg triveleg!