torsdag 28. april 2011

Til ei vennine.

Ei forsinka bursdagshelsing til ei vennine. Ei vennine av meg hadde bursdag 20. april. I den forbindelse har eg pynta ei øskje med melkehjerter.




Dette blir eit bidrag til
Sketchy Colors der utfordringa er å bruka fargane blå, kvit og beige.
Scrappekammeret med utfordringa "alt er tillatt"
og
Scrapperiket der utfordringa går ut på å laga embalasje.
post signature

søndag 24. april 2011

Gutekort i monokromatisk grønn

Hos Kreative Krumspring ligg det ute mange, gode scrappeutfordringar. Ei av utfordringane som ligg ute no er å scrappa monokromatisk i grønt.
Dette hadde eg lyst å prøva. Eg har difor laga eit kort til ein godgut som blir 3år i juli.
Slik blei kortet mitt.


Pynt tilpassa ein 3 åring :)

onsdag 20. april 2011

Guttekort

I kveld skal me i 30års lag. I den anledning har eg laga eit kort til jubilanten.
Slik blei det.

lørdag 16. april 2011

Bursdagskort

I dag vart det eit heilt enkelt brusdagskort. Hovedfargen vart brun, med lilla som tilleggsfarge. Lilla er brukt på halvperlene og blomstrane utanpå kortet. Halvperler er og med inne i kortet.
I rette fargevariantane tykkjer eg at brunt og lilla er så fint saman.


fredag 15. april 2011

Bleiekake

Når ei nær vennine fekk ei lita jente måtte eg berre prøva meg på ei bleikake. Laga bleieke i 3etasjar, med tilhøyrande kort. Gåva vart og pakka inn i same stil.
Bileta vart desverre ikkje så gode. Dei eg tok inne vart for mørke, og dei eg tok ute vart for lyse... Men men.




Kortet som heng på sida av kaka:



Jentebaby


No er det lenge sidan sist eg la ut noko her. Med jobb og studie, og ellers mykje som skjer, har det vorte lite tid til hobby i det heile i det siste.
Men endeleg har eg fått scrappa att litt.

Fleire rundt meg har fått babyar i det siste, og det er jo ein god grunn til å settja seg å laga litt kort.
Her er eit eg har laga til ein jentebaby.