søndag 14. august 2011

Sommervenner

Nokre gonger finn ungar tonen på eit blunk. Dette opplevde me denne sommaren.
Jonathan og Theo har ikkje sett kvarandre sidan dei låg i kvar si banrevogn. Når dei møttest att var det som om dei hadde leika saman kvar dag.



Dette blir mitt bidrag til utfordringa hos Scrappekammeret, der utfordringa denne gongen går ut på å finna inspirasjon i eit sommarbilete som ligg ute på sida deira.

Bursdagskort

Ei kollega av meg har bursdag fyrste dag tilbake på jobb, så da ville eg laga eit kort til ho. Fann ut at eg ville nytta sjansen til å delta på konkurransen inne på Kort o'mania, der utfordringa består i å laga noko med dikt, sitat eller ordtak på.
Slik blei kortet mitt.


Bleiekake

Det blei ei bleiekake i sommar, sjølv om det ikkje har vorte scrapping. Denne laga eg til kusina mi sin Babyshower.




Lucia 2010





Her har det vore laaaang scrappepause i sommar. Men no er i gang att, og storkosar meg med det!!

Inne hos Kreative Krumspring ligg ei utfordring med frist i kveld. Den lyd som følgjer: "jul i juli". Passa godt for meg, som framleis har mange julebilder liggande, som ikkje har blitt scrappa endå.
Veit ikkje om Lucia kjem inn under julebegrepet, men for meg er det ein del av juletida.
Eg har difor scrappa bilder frå årets Luciatog i barnehagen.
Ei veldig enkel side denne gongen, men bileta og teksten seier meg så mykje, så eg ville ikkje overdriva pyntinga.





Eg er såååå stolt! Sjå: