torsdag 22. september 2011

Til bestefar



Ny utfordring hos Anonyme Scrappere. Denne gongen gjekk det ut på å laga eit gutte/herrekort.
Eg har pynta ei melkehjerteøskje til "bestefar" sin bursdag(min svigerfar).
Bestefar er ein skikkeleg friluftsmann, som gjerne deler denne interessa med barnebarn - difor dette valget av stempel på framsida. Men han køyrer og motorsykkel, noko Jonathan tykkjer er veldig tøft!! Måtte difor ha med motorsykkelcharmsen :)





søndag 4. september 2011

Eskekort til ein konfirmant

Hos Anonyme Scrappere er det denne gongen svært fri utfordring. Ein kan laga kva ein vil, så lenge det er laga berre til AS si utfordring.
Tenkte eg skulle prøva meg med eit bidrag.
Har laga eit konfirmasjonskort på bestilling. Inne i kortet er det ei lita gjennomsiktig "eske" der ein kan leggja peng eller gåve.
Utanpå har den rygg som ei bok, samt bilete av konfirmanten.

Har valgt å "skjula" ansiktet på konfirmanten, då eg ikkje kjenner ho.